Produsenter
Utforsk lokale produsenter som selger på Bondens marked.


Frukt, bær og sopp · Grønt (og salat), te og krydder · Håndmat · Kjøtt

Debio
Prosentandel økologisk: 70
Bratte lier og vått vestlandsklima kan ikkje stogga ein Sunnfjording. Med gamle rasar av Vestlandsk fjordfe og Gamalnorsk spelsau, nyttar vi utmarksressursane til å produsere kortreist, godt kvalitetskjøt med god samvit. Dei gamle rasane er tilpassa klimaet på Vestlandet. Små dyr som tek seg lettare fram i terrenget og som etterlet seg mindre skade på jorda enn dei moderande tunge rasane gjer i vått vestlandsvær. Hjortekjøtet er frå den lokale hjortestammen og so regel jakta av bonden sjølv eller andre i same jaktlag. Dessuten er me opptekne av å nytte dyrka og viltveksande nyttevekstar og sopp. Alle husdyr og planteprodukt er godkjent som økologisk av Debio. Me skjær ned og foredlar sjølv på leigde lokale i Førde Heimtuna ligg på Årberg i Sunnfjord i tidlegare Gaular kommune. Køyrer du E39 nordover etter å ha kryssa Sognefjorden finn du oss ca ei mil nord om Vadheim, like før du bikkar toppen av vegen før det hallar ned att mot Sande.
Kjøt av Vestlandsk fjordfe og sau, lammepølser, sopp og nyttevekstar.Stykningsdelar av kjøt-eigne dyr er økologisk godkjent produksjon Innkjøpt/vilt har ikkje økologigodkjenning
Fisketorget i Bergen
Bergen Fisketorget, BERGEN· 10:00