Meir grønsaker på Bondens marknad i Bergen

I heile haust var det grønsaker for sal på Bondens marknad i Bergen. Dei same bodane var alltid fylt med grønsaker på kvar marknad, men kundane møte forskjellige produsentar kvar gong. Både kundar og produsentar var veldig nøgde etter sesongslutt.

6. februar 2024

Meir grønsaker på Bondens marknad i Bergen

Tekst: Frøydis Linden, Statsforvalteren i Vestland og Robust småskala grønt

Salsbodar med bugnande grønsaker har vore eit etterlengta mål for marknaden ved Bryggen i Bergen. Marknadsperioden for grønsaksbodane i Bergen vart sett til 1. august til 1. november.

Dei bynære produsentane kring Bergen valde å delta på prøveprosjektet ved Bondens marknad i Bergen, kor dei deltok på ein eller fleire av marknadane frå august til oktober 2023.

I 2023 møtte grøntprodusentane mange fornøgde kundar, og fleire av kundane kom attende til grøntbodane kvar fjortande dag, som er den vanlege rytmen for Bondens marknad i Bergen. Nokre av dei ivrigaste valde i tillegg å delta på Matfestivalen i Bergen, som går av stabelen fyrste helga i september kvart år.

Nyttar ulike salskanalar

Småskala grønsaksprodusentar, kor mange driv etter marknadshageprinsipp, har eit stort mangfald av kulturar, gjerne 20-30 ulike artar. Kulturane modnast jamt og trutt kvar veke gjennom vekstsesongen, frå slutten av juni til slutten av oktober.

I byrjinga av sesongen er det mykje ferskvarer, som dei må finne avsetning for kvar veke. Nokre småskala grønnsaksprodusentar har difor faste abonnentar eller lokale kjøparar, anten dei er private kundar eller restaurantar og kaféar. Andre er fast på REKO-ringane i Vestland og leverer til lokale serveringsstader i tillegg.

Alltid to stand med grønsaker

Vanlegvis finn ein dei same produsentane på Bondens marknad gjennom heile sesongen. I dette prøveprosjektet var det eit poeng at kundane skulle møte to grønsaksstand kvar gong, men ikkje alltid dei same produsentane. Når produsentane måtte sjonglere mellom ulike salskanalar, visste dei ikkje om dei hadde nok varer til å forplikte seg til å stå på stand kvar gong.

Fellesskap med andre produsentar

Sabine Henlin frå Sabines Hage var veldig glad for å få tilbodet om å delta på Bondens marknad, gjennom eit lågerskeltilbod som dette. Dei betalte kun torgavgifta til Bergen kommune.

-Det var ein veldig spennande oppleving. Kundane kom – og kjøpte alt eg hadde! Eg kunne ha seld meir, då eg vart utseld begge gongene eg deltok. Så eg var glad me delte stand med nokon, fortel Sabine fornøgd etter årets sesong.

Henlin sette óg stor pris på kursinga frå Bondens marknad og arrangørane av Bergen Matfestival, før marknadene i haust. Då vart ho minna på om kor mykje både utsjånaden til standen og sjølv klesstilen ho har, betyr for heilskapen til standen og kva ho signaliserer til kundane om verksemda si.

Gjenkjøp og god kundekontakt

Peder frå Lysekloster gardsdrift er viss på at han møtte minst ein fjerdedel av kundane fleire gonger og fekk gjenkjøp. Han deltok på minst tre marknader i haust.

-Eg sette stor pris på å snakke med kundane og kunne fortelja meir om produksjonen og få tilbakemelding på varene mine. Truleg var om frå 110-130 personar innom standen og kjøpte med seg varer, fortel Peder H. Sund engasjert. Dei småskala grønnsaksprodusentane kjem gjerne tilbake til både Bondens marknad og Matfestivalen til neste år, då truleg med endå meir varer. Dei er midt i planlegginga av ny dyrkingssesong no.

Marknadsleiarane Matthijs van Meurs frå Bondens marknad i Bergen og Ingrid Wembstad frå Matarena som arrangerer Matfestivalen i Bergen, helsar gjerne dei same produsentane og fleire til, velkomne til marknadane i 2024.

  • Fotograf: Matthijs van Meurs
    Nicola Trier fra Fana Markedshage som produserer grønnsaker i testbedene på Stend VGS
  • Fotograf: Matthijs van Meurs
    Sabines hage
  • Fotograf: Frøydis Linden SFVL