Laurdag 9. juni vert det bokslepp på Bryggen i Bergen då den rykande ferske kokeboka til Bondens marknad Bergen kjem for sal. Fire kokkar i Bergen har gått laust på råvarene frå dei mange produsentane langs fjordar og fjell på vestlandet. Her blir du betre kjent med både folka bak, råvarene, delikatessene og tradisjonsmaten frå Bondens marked. Gjer marknaden til ein del av dagleglivet er den klare oppfordringa frå forfattar og kokk Christopher Haatuft. Haatuft skriv matartiklar og fram til 2009 kokk på Jacobs Bar & Kjøkken i Bergen, no jobber han som kokk ved den norske ambassaden i Paris. Med seg har han kokkane Dag Stian Knudsen, Morten Andre Tungesvik, Øystein Vallestad Næss og Hanne Frosta. Du treng ikkje vere mesterkokk for å få utbytte av Bondens marknad, men nokre tips og råd på vegen skadar ikkje. Boka inspirerer til matlaging inne som ute, noko den erfarne fotografen Thor Brødreskift får godt fram med sine vakre bilete av folk og maten. Boka får du kjøpt i næraste bokhandel og blir gitt ut på Tun forlag. Tidlegare har Oslo og Trondheim komme med sine bøker, i alt 3 kokebøker er på marknaden frå Bondens marked.
Den tradisjonelle Torgdagen i Bergen vert arrangert laurdag med veteranbåtar, Bondens marked og mykje liv på torget og Bryggen. Velkommen til triveleg handel, boka får du kjøpt på Bondens marked på Bryggen frå kl 10 – 16.
Spørsmål kan rettast til:
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne se adressen
, Berge Borge tlf. 982 04 288





