Bondens marked Bergen
Bondens marked i Bergen har sidan 2003 halde jamnlege marknader i byen, heile året gjennom. Du finn oss no midt i Bergen sentrum: på Fisketorget, like ved den nye Torghallen. Vi kan friste med sesongens ferske og smakfulle matvarer direkte frå produsenten.
Dette tilbyr vi deg som kunde på Bondens marked:
-Lokale og sporbare råvarer
-Produkt med handtverksmessig preg
-Eit direkte møte med produsenten
Ta turen innom Bondens marked i Bergen for å oppleve inspirerande smakskombinasjonar, førsteklasses matvarer og hyggeleg stemning.
Velkommen til unike smaksopplevingar og ein triveleg handel!
Marknader våren 2013:
9. februar
23. februar
9. mars
23. mars
13. april
27. april
11. mai
25. mai
8. juni
29. juni
Klikk på marknadsdatoen for å finne meir info om den einskilde marknaden, t.d. liste over påmelde produsentar. Dei marknadene som ikkje ligg link på vil bli oppdatert så snart det lar seg gjere.

Kontakt oss: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne se adressen
Du kan mellom anna lese meir om dette her.
Med dette går fisketorget tilbake til røtene sine som handelsplass for den vestlandske fiskarbonden. Fisketorget ønskar å framstå som ein samla materana for bergensregionen.
Marknaden 24. november vert dermed litt historisk - det er dagen der bøndene vender tilbake til torget. Saman med Torghallen og Fisketorgets andre aktørar ønsker me velkomen til triveleg førjulshandel! Meir om marknaden 24. november finn du her.
Bilete: NEAS ASA. Biletet viser torgflaten - det er eit eksempelfotografi og ikkje eit faktisk bilete av Bondens marked.
|
Marknadsleiar: Marita Myhre Telefon:99 42 70 29 |
Styreleiar: Berge Borge Telefon: 98 20 42 88 |
Teknisk leiar/ansvarleg: Alf Helge Søyland Telefon 97 17 13 15. |
|
Postadresse: Bondens marked i Bergen v/Marita Myhre Elvebakken 3c 5067 BERGEN |
Datoane for første halvdel av 2013 er fastsett.
9. februar
23. februar
9. mars
23. mars
13. april
27. april
11. mai
25. mai
8. juni (Torgdagen i Bergen)
29. juni
Marknadsplass er Fisketorget v/Torghallen.
Opningstid er kl 10-16.
"Når du handler er det viktig å snakke med den som selger deg varen. Alt som selges har en historie". Dette seier kokk og forfattar Christopher Haatuft i forordet til kokeboka frå Bondens Marked Bergen, som vert lansert på marknaden på Bryggen 9. juni 2012 (under Torgdagen i Bergen). Vidare seier han: "Du trenger ikke være en mesterkokk for å få fullt utbytte av Bondens Marked, men det kan ikke skade å få noen tips og råd fra dem på veien". Til å gje vanlege folk tips og råd har han samla nokre av "dei skarpaste knivane i Bergen". Kokkane Dag Stian Knudsen, Morten Andre Tungesvik, Øystein Vallestad Næss og Hanne Frosta bidreg med spennande oppskrifter basert på innkjøp frå bodane på Bondens Marked. Den erfarne fotografen Thor Brødreskift hever opplevinga med vakre bilete. Med boka på kjøkenbenken kan du lage ramsløksmør, rødløk i morelljus, bygg med fenalår. Vidare får du vete korleis du lager frokostblanding på glass, jordbær med honningeggedosis og granskuddis med rips og gaukesyre.
Boka presenterer nokre av produsentane med eigne artiklar. Oppskriftene viser til ingrediensar du får kjøpt på Bondens Marked. Så her er det berre å finne fram trillevogna, i følge Christopher Haatuft: "Trillevogn er ikke bare for gamle damer og avisbud. Den dagen du bare må kjøpe et lammelår, fem kilo poteter og den store osten på øverste hylle du har siklet etter i et halvt år, da skal du prise deg lykkelig over å ha tatt med trillevogn."
Ønsker du sms med påminnelse om marked i forkant av hvert Bondens marked i Bergen? Send bm3 start til 2401. Du kan når som helst melde deg av varslingen ved å sende bm3 stopp til 2401.
Dersom du bare ønsker å vite datoen for neste Bondens marked i Bergen: Send bm3 neste til 2401. (Tjenesten er gratis)
(1).jpg)
Les mer …





